Folkehelseinstituttet har utarbeidd reiseråd i ljos av at hytteforbodet blir oppheva. Råda gjeld frå 21. april 2020 og inntil vidare.

Det er framleis eit godt smittevernråd å redusere fritidsreiser.

Unngå rundreiser og planlegg reisene med tanke på at du ikkje bidreg til smittespreiing mellom stader.

Reiser til hytte der du stort sett er saman med eigne familiemedlemer eller andre du allereie ville vore kontakt med på heimstaden, utgjer såleis mindre fare for smittespreiing. 

Ved fritidsreiser er det ekstra viktig å halde seg til dei generelle råda:

  • Er du sjuk skal du ikkje gjennomføre fritidsreiser, heller ikkje til hytta. Då skal du være heime.
  • Du skal heller ikkje reise eller dra på hytta når du er i karantene. Det einaste unntaket er når du er utan symptom, og opphald på hytta er eineste måte å unngå nær kontakt med et covid-19-sjukt hustandsmedlem.
  • Reis heim, dersom tilstanden tillet det, dersom du blir sjuk medan du er på hytta eller på reise.
  • Ikkje føreta reiser eller aktiviteter som gir auka risiko for at du får behov for redningsteneste eller helsetenestester.
  • Unngå kollektivtransport når det er mogleg.
  • Sørg for å overhalde helsestyresmaktene si oppfordring om 2 meter avstand til andre i dine omgjevnader. Ver i størst mogleg grad bare saman med dei du er saman med til vanleg og er på reise med.
  • Unngå trengsel i butikkar som er dimensjonert for færre menneskje. Ta om nødvendig med det du treng heimeifrå.
  • Sjekk nettsida til kommunen du skal reise til for å finne ut om dei har lokale restriksjonar eller råd som er relevante. Du bør ikkje belaste kommunen med å ta kontakt med dei for å sjekke dette ut, eller be om unntak dersom kommunen har lokale restriksjonar eller råd, men forhalde deg til desse.