I fleire år har Hovden Alpinsenter og Bykle Kommune spleisa på Sesongkort i Hovden Alpinsenter.

Denne avtalen gjeld også for komande sesong. Avtalen gjeld for barn og ungdom mellom 7 og 18 år som er folkeregistrerte i Bykle Kommune, og eigendelen er som i fjor 200 kroner. Dersom du ikkje har KeyCard frå før kjem det eit tillegg på 75 kroner for KeyCard når du hentar kortet ditt.
 
Sesongkorta er no lagt ut for sal på heimesida, og kjøpsperioden er frå i dag til og med 26.september. Det vil ikkje vere mogeleg å kjøpe kort etter denne datoen.
 
For å kjøpe kort gjer du følgjande:

  • Gå inn på visithovden.com
  • Trykk på 'kjøp heiskort'
  • Vel den fanen som heiter PROMO
    Din promokode er Kommune2022

 
Under denne fanen ligg også sesongkort for vaksne med lokalrabatt 30%. Her er også fristen 26.september.
 
Korta må kjøpast i nettbutikken, dei kan ikkje seljast over disk. Men du treng ikkje fysisk hente ut kortet ditt før ved sesongstart. Når bakken opnar for sesongen så går du innom Velkomstsenteret når du skal ut på ski.
 
Har du problem med å kjøpe?
Kontakt Alpinsenteret på post@hovdenalpinsenter.no så hjelper dei deg!
 
Vi håper alle gleder seg like mykje til vinter og snø som vi gjer ?😊