Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Rådgiving i skulen

Generelt om tjenesten

Tenesteomtale

På den skulen du går, skal det vere eit tilbod om rådgjeving. Du skal få hjelp til å ta avgjerder som gjeld di vidare utdanning og ditt yrkesval (utdannings- og yrkesrådgiving). Har du personlege problem og vanskar med å finne deg til rette på skulen, skal du også kunne få råd (sosialpedagogisk rådgjeving). Skulen kan eventuelt finne dei riktige hjelpeinstansane og formidle kontakt med dei. Du og foreldra dine skal få informasjon om at dette rådgjevingstilbodet finst. Avhengig av behovet ditt kan rådgjevinga skje i gruppe eller individuelt. Målet er at du skal få hjelp til å utvikle deg og utnytte dei ressursane du har – og utan å vere bunde av tradisjonelle kjønnsroller.

Rådgjeivinga skal medverke til å utjamne sosiale forskjellar elevane imellom, førebyggje at elevar ikkje fullfører skulen og integrere etniske minoritetar. 

Målgruppe

Elevar i grunnskule og vidaregåande skule

Kriterium/vilkår

Rådgjevinga dreier seg om utdannings- og yrkesval og personlege, sosiale og kjenslemessige problem som kan ha noko å seie for opplæringa eller korleis du har det på skulen. Dei faglege problema vil liggje under ansvarsområdet til kontaktlæraren eller PP-tenesta.

Pris for tenesta

Tenesta er gratis.

Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende

Samarbeidspartnarar

Eleven sine føresette og hjelpeinstansar utanfor skulen

aaa
Lover og forskrifter
___
Skjema

Rettleiing - korleis få utført

Som skuleeigar har kommunen/fylkeskommunen ansvar for å ha eit tilbod om rådgjeving. Dersom du ikkje får nødvendig rådgjeving, kan du vende deg til statsforvaltaren som fører tilsyn etter opplæringslova.

Saksbehandling
Kontaktinformasjon

Kontaktpersoner

Navn:Informasjonen -
Tittel:Informasjonen
Telefon:37938500
Epost:informasjonen@bykle.kommune.no
Andre opplysningar
Oppdatert:
2018-12-10 12:33