Helsedirektoratet ber arbeidsgivarar og tilsette i helsetenesta vere ekstra aktsame ved utanlandsreiser, samt ved vitjing frå utlandet.

Rådene frå Helsedirektoratet har som formål at ein unngår situasjonar der ein bringar smitte inn i helseinstitusjonane eller i heimen til pasienten.

Reiseråd til tilsette og arbeidsgivarar i helsetenesta:

·    Tilsette i helsetenesta som vel å reise til «grøne land» utanom Norden, bør testast etter dei er kome heim og før dei har nær kontakt med pasientar eller brukarar. Dei bør også ha ei særleg aktsemd ved eventuelle symptom. Vi syner til faglege råd på FHI sine nettsider.

·    Tilsette som mottek vitjing heime frå karantenepliktige land, bør vere særleg merksame på smittefare. Personellet bør ha ein dialog med arbeidsgivaren sin om gjestene i framkant, slik at det kan takast nødvendige åtgjerder for å unngå auka risiko for overføring av smitte.

·    Arbeidsgivar bør ha eit system for å kartleggje om tilsette og vikarar som har pasientnært arbeid, har vore eksponert for SARS-CoV-2 eller vore på utanlandsreise seiste 10 dagar.