Renovasjonsselskapet vårt, Setesdal miljø- og gjennvinning (SMG), opplyser at dei set følgjande tiltak i verk for å redusere fare for smittespreiing:

  • Alle gjenvinningsstasjonar blir stengt for private kunder - inntil vidare.
  • Næringsdrivande kan levere på utvalde stasjonar med redusert opningstider.
  • Henting av hushaldingsavfall skal gå som vanleg 
     

Setesdal Miljø & Gjenvinning IKS innfører tiltak for å forhindre spreiing av korona-viruset.

Gjennvinningsstasjonar

  • Midlertidig stenging for private kundar
  • Gjenvinningsstasjonar blir stengde for levering frå private kundar – inntil vidare. Private som har særskilde behov kan kontakte selskapet pr. telefon: 901 94 724 for å få godkjent levering på førehand. Private som kjem utan førehandsgodkjenning vil bli avvist.
  • Redusert opningtider for næringsdrivande                                                                                                                                         
  • Næringsdrivande vil ha høve til å levere avfall på nedanfor nemnde gjenvinningsstasjonar. Mrk at gjenvinningsstasjonane vil ha noko redusert opningstid.
  • Tykkås gjenvinningsstasjoe: torsdag kl. 12.30-15.00 
  • Rysstadmo gjenvinningsstasjon: tysdag kl. 12.00-15.00
  • Syrtveit avfallsanlegg: måndag - fredag 08.00-14.00.    (Torsdag kveld og laurdag er det stengt.)                                                                                                                          
  • Nesmoen og Skaiå gjenvinningsstasjon stenges inntil videre. Næringsdrivande blir vist til Syrtveit Avfallsanlegg. 

Hushaldningsrenovasjon                                                                                                                                                 

Henting av avfall hos hushaldningane går som vanleg, men det kan skje endringer dersom vi får redusert bemanning grunna sjuksom. Vi oppmodar difor alle til å sortere best mogeleg og at ein generere så lite avfall som mogeleg.

Vi vil gjere vårt yttarste for å oppretthalde ei så normal drift som mogeleg og sjå til at avfallet blir henta. Men blir vi ramma av sjukdom kan det oppstå forseinkingar i henting av avfallet. Det er derfor viktig at alle tenkjer på å generere minst mogeleg avfall, og at kanskje noko av avfallet må lagrast mellombels i heimen. Ved sortering tenk derfor på kva er greitt og lagre og kva som ikkje er. Dersom det kjem til å oppstå forseinking på henting av avfall vil det bli orientert om dette på heimesida vår: www.smg-iks.no og kommunen si heimeside: www.bykle.kommune.no

Vi håper på forståing for dei tiltaka som vi innfører og ber alle til å hjelpe på best mogeleg vis.

DETTE ER EIN DUGNAD FOR HEILE NOREG OG VÅRT BIDRAG I LOKALSAMFUNNET FOR Å HINDRE SMITTESPREIING!