Bykle kommune tilrår på generelt grunnlag at større arrangement og samankomster ikkje blir haldne i noverande situasjon.

For planlagte arrangement/samankomster med meir enn 100 deltakarar, eller meir enn 50 menneskje frå risikogrupper, er det no pålagt søknadsplikt frå arrangør til kommunen. 


Slik søknad om arrangement/samankomst skal vedleggast skrifteleg risikovurdering, med skildring av ;

  • venta tal personar som vil delta,
  • om det er tilreisande (inn-/utanlandske),
  • om det er deltakarar i risikogruppe for alvorleg forløp av korona, 
  • bevertning
  • alkoholservering/inntak
  • varigheit på arrangement
  • risikoreduserande tiltak

Søknad må sendast Bykle kommune snarast - for alle planlagte arrangement i nær framtid.

Kommunen kan i medhald av § 4-1 i smittevernlova forby arrangement eller samankomst, dersom ein finn at dette kan auke faren for smitte og overføring av covid-19.

Formannskapet gav kommunedirektør og kommuneoverlege vide fullmakter i møte 10.03.2020, og naudsynt delegert mynde.

Situasjonen vil bli fortløpande vurdert, og vedtaket kan bli endra på kort varsel, dersom smittesituasjonen utviklar seg. Vedtaket gjeld difor på ubestemt tid.