Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
Kraftutbygging

Kraftutbygging

Revisjon av konsesjonsvilkåra for vasskraftutbyggingar i Otravassdraget.

Kommunane langs Otravassdraget har saman planlagt å krevje revisjon av konsesjonsvilkåra gitt i samband med utbyggingar i Otra.

Kommunane ber om innspel frå privatpersonar og interesseorganisasjonar på problem som skuldast kraftutbygging, og som har allmenn interesse.

Har det skjedd endringar med miljø, dyreliv, fisk eller ferdsel som ein ikkje var klar over på konsesjonstidspunktet?
Kan ein gjennom avbøtande tiltak sjå for seg forbetra miljøtilstand eller betra tilhøve for ferdsel og friluftsliv?

Send ditt innspel til din kommune innan 20.april.
 


Bykle kommune
Jon Rolf Næss

Ordførar 

Kraftutbygging

Meir informasjon

Tips ein ven Skriv ut
Publisert