RV9Bjørnarå.png

Hovudentreprenør på prosjektet er Hovden Hytteservice AS. Dei arbeider normalt på anlegget i vekedagane frå måndag til torsdag. I løpet av desse dagane held dei i hovudsak på med sprenging, flytting av masse og dreneringsarbeid. I tilknyting til dette arbeidet er det til tider behov for å stansa trafikken forbi området. Normalt kan vegen bli stengt i inntil 15 minutt om gongen, men i tidsrommet mellom klokka 14:00-14:30 måndag-torsdag og mellom klokka 17:30-18:30 måndag-onsdag kan vegen bli stengt inntil 30 minutt ved sprenging. I heilt spesielle tilfelle kan vegen dessutan stengast i inntil 1 time mellom klokka 20:00 og 06:00 på måndagar, tysdagar og onsdagar.

Trafikken vil bli lagt om på midlertidige omkøyringsvegar gjennom deler av anleggsområdet. Det vil tidvis berre vere eitt køyrefelt på strekninga, med lysregulering i kvar ende.

Statens vegvesen takkar både innbyggjarar og trafikantar for god tolmod under arbeidet med ny riksveg, og oppmodar alle til omsynsfull køyring gjennom anleggsområdet.

Statens Vegvesen