Den som vil drive serveringsstad må ha serveringsløyve gjeve av kommunen. lova gjeld etablering og drift av alle serveringsstader der det foregår servering av mat og/eller drikke og der tilhøva ligg til rette for å nyte dette på staden. løyve gjevast til den som er økonomisk ansvarleg i verksemda. Den gjeld for den serveringsstaden som er nemt i løyve.

Ting å huske på.png

Serveringsstaden skal ha ein dagleg leiar som har det reelle ansvar for den daglege drifta av serveringsstaden. Dagleg leiar må vere myndig.
Styrar må ha kunnskap om økonomistyring og lovgivning av betydning for drift av serveringsstader, herunder serveringslova, skatte- og avgiftslovgivninga, rekneskapslovgivninga, konkurslovgivninga, arbeidsmiljølovgivninga og alkohollova.

Serveringsstadens daglege leiar må ha gjennomført ei etablerarprøve i serveringslova.