Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
Setesdal grunder og samfunnsutvikling

Setesdal grunder og samfunnsutvikling

Setesdal GOS: Gründer og samfunnsutvikling

Setesdal GOS - Gründer og samfunnsutvikling er eit prosjekt i regi av Setesdal Regionråd. Prosjektet er støtta av Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Prosjektet går i 2016-2017 - og har som føremål å fremje ungdom og entreprenørskap.

I avdeling Business har vi sett eit mål om å skape 10 nye bedrifter i 2017! Vi kan støtte med etableringstøtte, kurs og mentorordning. Det er eit vilkår for å vere med at firma skaper arbeidsplassar i Setesdal, og er bærekraftig. 

Stønad til etablering av bedrift 
Er du mellom 16-35 år, og sit med ein god idé du trur kan bli ei bedrift?  Vi tilbyr stønad i to fasar.

I fase 1 kan du få stønad for å utgreie om idéen din er mogleg å gjennomføre og kva som må til. Søknadskjema

I fase 2 kan du få stønad for realisere idéen og sikre at bedrifta vert levedyktig. Søknadskjema

Alle kan søke!  Så last ned skjema, svar på spørsmåla og send det inn til oss.

Er du i tvil på nokre punkt eller berre har eit generelt spørsmål om prosjektet, kontakt oss på setesdalbusiness@gmail.com  eller på Facebook


Knut Skjevrak
Tlf: 91537430

Setesdal grunder og samfunnsutvikling
Tips ein ven Skriv ut
Publisert | Oppdatert 21. mars 2017