Sjå filmen av då Bykle-ordføraren fekk seg ein sveiv i bygdebussen!
Bygdebussen i Bykle kommune, AKT Svipp, er i sving med køyring måndagar og torsdagar. Tilbodet er heilt gratis både for fastbuande og tilreisande. I samband med at tilbodet vart starta opp tok Bykle-ordførar Jan Dagfinn Dalen seg ein sveiv frå rådhuset i Bykle til Hovden og ned att. Sjå filmen og finn ut kor enkelt det er å skaffe seg gratis skyss i Bykle kommune!