Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Sjukeheim - avlastingsopphald

  • Generelt om tjenesten

    Tenesteomtale

    Personar som har omsorgsoppgåver heime, kan søkje om avlastingsopphald på sjukeheim. Den hjelpetrengande sjølv - som også kan søkje - får eit tidsavgrensa opphald i institusjon.

    Målgruppe

    Omsorgsytarar som har et særleg tyngjande omsorgsarbeid.

    Kriterium/vilkår

    Personen som får avlasting, må ha eit særleg tyngjande omsorgsarbeid i heimen. Moment som ein kan ta omsyn til, er mellom anna om søkjaren arbeider mange timar pr. månad med omsorgsarbeid, om arbeidet er meir tyngjande enn vanleg og om det fører til avbrot i nattesvevn eller sosial isolasjon.

    Pris for tenesta

    Kommunen kan ikkje krevje vederlag for avlastingsopphald.

    aaa
  • Lover og forskrifter

    Kommunen pliktar å sørgje for denne tenesta, jf. helse- og omsorgstenestelova § 3-2.

    Lover

    Forvaltningsloven
    Helse- og omsorgstjenesteloven

    Forskrifter

    Kvalitetsforskrift for pleie- og omsorgstjenestene

    Verdighetsgarantiforskriften

    ___
  • Skjema

    Rettleiing - korleis få utført

    Det er ikkje noko krav om at søknaden skal vere skriftleg. Du kan søkje munnleg over telefon.

  • Saksbehandling

    Saksbehandling

    Kommunen skal hente inn dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Normalt kjem vi på eit heimebesøk. Deretter blir det gjort eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du vil alltid få ei grunngjeving dersom ein tenkjer seg at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen før klagefristen for vedtaket går ut.

    Saksbehandlingstid

    Kommunen skal behandle saka så raskt som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det. Samstundes skal du få opplyst om når ein meiner at vedtaket vil bli gjort.

    Klagemulighet

    Både omsorgsytaren og den hjelpetrengande sjølv kan klage på avgjerda. Du kan klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot vedtaket. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Om du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen let avgjerda bli ståande, blir saka send vidare til Fylkesmannen, som avgjer om saka skal bli teken til følgje.

  • Kontaktinformasjon

    Kontaktpersoner

    Navn:Vidar Johnsen
    Tittel:Tenesteleiar Pleie og hjelpetenesta
    Telefon:37938651
    Mobil:41420301
    Epost:vidar.johnsen@bykle.kommune.no
  • Andre opplysningar
    Oppdatert:
    2018-12-10 12:33