Yngve Rekdal og Magnus Stenbrenden skal kartleggje potensialet for utmarksbeite i Bykle kommune.

- Dei skal rundt om i heile kommunen. No i denne omgang held kartleggjinga på i to veker, og så kjem dei att i to veker i august, seier Sigrid Bjørgum i Bykle kommune.

700 medarbeidarar

NIBIO er eit av dei største forskningsinstitutta i landet med om lag 700 medarbeidarar. Arbeidet til instituttet går mellom anna ut på å sikre mattilgang- og tryggleik, god ressursforvaltning, innovasjon og verdiskaping gjennom forskning og kunnskapsproduksjon. No er altså potensiale for utmarksbeite i Bykle kommune under kartleggjing.