Det omfattande sløkkingsarbeidet vert koordinert av innsatsleiar Egil Kvitne frå Setesdal brannvesen og beredskapsleiar Jostein Rysstad frå Bykle kommune.

Ordførar Jon Rolf Næss fylgjar arbeidet tett og er imponert over innsatsen frå mannskapet og haldninga blant kommunens innbyggjarar. «Dette er på mange vis ei tøff og vanskelig situasjon, men eg er imponert og stolt over den innsatsen som leggjast ned av lokalt brannmannskap og friviljuge. Det er og godt å oppleve korleis lokalsamfunnet stiller opp for å hjelpe og legge til rette for alle dei som er i sving med sløkkingsarbeidet» seier han.