Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
Skogbruk

Skogbruk

Skogbruk

Det er felles skogbrukssjef for Bygland, Valle og Bykle kommune. Kontorstad er kommunehuset i Bygland. Skogbrukssjefen utfører lovpålagte oppgåver, informerer og rettleiar innan skogforvaltning.

For bygging av skogsbil- og traktorveg krevast det søknad til kommunen (sjå tenesteomtale landbruksveg – bygging). Hogst i verneskog, ut over vedhogst til eige bruk, skal det søkjast om tillating til.  

Søknad om tilskott til nærings- og miljøtiltak i skogbruket (NMSK-midlar) og utbetaling frå skogfond sendast på eige skjema gjeven av Statens landbruksforvaltning eller tilsvarande søknad (sjå tenesteomtale skogfond og tilskott til nærings- og miljøtiltak i skogbruket). 

I Setesdal er Kjell Arne Rosseland engasjert som faghjelp for å kome med råd og rettleiing i praktisk skogkulturarbeid m.m. Ved å kontakte skogbrukssjefen kan du som skogeigar få gratis synfaring av eigedomen i lag med faghjelpa.

Aktivt skogbruk - kurs i Setesdal
Aktivt Skogbruk arrangerer kurs innan skogbruk. I vinter vil vi blant anna ha kurs som gir dokumentert sikkerheitsopplæring i bruk av motorsag. Sjå vedlegg.

For nærmare informasjon om kursa kan de ringe instruktør Kjell Arne Rosseland på tlf. 918 35 575 eller skogbrukssjef Inge Olav Fjalestad tlf. 379 34 755. Informasjon om innhaldet i dei enkelte kursa vil de finne på heimesida

 

Kontaktinformasjon

Skogbrukssjef i Setesdal
Inge Olav Fjalestad
T: 37 93 47 00
T: 37 93 53 51
inge.olav.fjalestad@bygland.kommune.no

www.statskog.no

www.skogkurs.no 

www.landbruksdirektoratet.no 

www.miljodirektoratet.no 

www.gardskart.no 

Meir informasjon

Tips ein ven Skriv ut
Publisert | Oppdatert 14. mai 2019