Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Skuletilhøyr, krinsar

Alle elevar tilhøyrer ein skule. Som regel blir tilhøyret bestemt ut frå kvar eleven bur.

Generelt om tjenesten

Tema

- Barn og familie

Tenesteomtale

Elevar i grunnskulen har rett til å gå på den skulen som dei høyrer til. Du kan søkje om å få barnet ditt inn ved ein annan skule. Det er opp til kommunen å avgjere dette. Skulen/kommunen vil sende brev til føresette med born som er i skulepliktig alder. I brevet blir det opplyst om kor ein skal møte og til kva tidspunkt.

Målgruppe

Føresette med born i skulepliktig alder

Kriterium/vilkår

Kva skule eleven høyrer til, avgjer kommunen etter ei konkret vurdering. Vurderinga skal ta utgangspunkt i geografiske forhold, men ho skal også ta omsyn til om for eksempel sysken er plasserte på den same skulen, kapasiteten på skulen og om skulevegen er farleg.

Skulekrinsar i Bykle kommune / Krinsskipnaden i Bykle blei sist drøfta i kommunestyret i møte 24.02.83 sak 14. Då vedtok kommunestyret at kretsgrensene skulle vere som før: • Fjellgardane krins femner om Bjåen, Breive og Hovden for 1-6(7) klassesteg. • I sør går grensa nord for Ørnefjell og Nordli. Skulestad er Bykle barne- og ungdomsskule. • Heile kommunen er ein ungdomsskulekrins.

Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende

aaa

Lover og retningslinjer

Sjå spesielt opplæringslova § 8-1 Skolen

Lover

Forvaltningsloven
Opplæringslova

Forskrifter

Skulekrinsar i Bykle

___

Saksbehandlingstid

Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein meiner at vedtaket vil bli gjort.

Klagemulighet

Du kan klage både på vedtak om kva skule eleven høyrer til, og på vedtak om skulebytte til annan skule. Klagefristen er tre veker frå du tok imot vedtaket. Klagen sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klagen skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klagen blir send dit, skal den instansen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. 

___

Kontaktinformasjon

Kontaktpersoner

Navn:Leif Kvinlog
Tittel:Rådgjevar skule og kultur
Telefon:37938613
Mobil:90984833
Epost:leif.kvinlog@bykle.kommune.no

Andre opplysningar

Oppdatert:2018-12-10 12:33