Nokre passasjerar på to turar med SuperSpeed 1 frå Hirtshals til Kristiansand har i ettertid testa positivt for covid-19. Den eine overfarten var frå Hirtshals til Kristiansand 4. august med avgang kl. 12.15, den andre var med samme skip og reiserute om natta frå 29. juli til 30. juli med avreise kl. 20.45. Risikoen for at andre passasjerar kan ha blitt smitta på dei to seglingane er liten. Passasjerar er gjerne på reise vidare, og truleg har nokre reist vidare opp dalen. Vi ber difor alle følge med på eigen helsetilstand og ved symptom ta kontakt med legevakt eller eigen fastlege. Sosial distansering og basale smittevernreglar, som god avstand til andre og handhygiene, er viktig fortsatt.