Bykle kommune er i beredskap i høve korona. Vi er eit lite og sårbart lokalsamfunn, og har avgrensa ressursar ved ev utbrudd. Difor innfører vi fortløpande restriksjonar for å avgrense smittefaren og faren for utbrudd i befolkningen. Det er  per no innført restriksjonar i høve besøk på institusjonar, for sosiale møtestader og arrangement m.v. Hovden grendehus og Bykle samfunnshus er stengt f.o.m i dag.

Vi oppmoder også publikum til å ikkje oppsøke kommunehuset dersom det ikkje er strengt nødvending. Møter vil bli søkt avgrensa og ev gjennomført på telefon/skype.

Kommunedirektøren disponerar nøkkelpersonell fortløpande med korona-beredskap som høgaste prioritet. Som konsekvens må folk difor vente noko lengre sakshandsamingstid og mindre tilgjenglege tenesteleiarar den næraste tida.

Alle blir oppfordra til å følgje med på heimesida vår – då det er den viktigste kanalen for å nå ut med informasjon og nyheiter.

Og, hugs på; god handhygiene, hostevanar og slutt med handhelsinga - den næraste tida framover.