Kommunane kan innføre strengare tiltak lokalt for blant annan handel, slik som tilrådingar eller påbod om bruk av munnbind og krav om auka avstand. Sjå nettsida til din kommune for informasjon om lokale tiltak.

Dei nasjonale tiltaka for handel kan bli endra.


Dei generelle tilrådingane i perioden vi er inne i no, spesielt i områda der det er mykje smitte, er å halde seg meir heime og treffe færre folk. Det er ikkje heldig at veldig mange dreg i butikken på same tidspunkt.

- Det er lurt å tenkje alternative tider og måtar å handle på. Formålet er å redusere mengda kontaktar for å minke sjansen for smittespreiing.

 

Råd til deg som handlar

·    Hald deg heime dersom du er sjuk.

·    Handle gjerne på tidspunkt då det er færre kundar i butikkane.

·    Hald minst 1 meters avstand til andre kundar og betjeninga.

·    Vask hender eller bruk handdesinfeksjon hyppig.

·    Unngå å ta kollektivtransport dersom mogeleg.

·    Utsedd handlinga til seinare dersom du ser at det er trengsel.

·    Vurder netthandel eller be andre om å handle for deg, særleg dersom du tilhøyrer ei risikogruppe.

·    Ikkje utsedd julehandelen til dei siste dagane før jul dersom du har moglegheit til å gjere den unna tidlegare.

 

Råd til handelsstanden

·    Butikkeigar må ta ansvar for å tilretteleggje for at kundar kan halde avstand, både inne i butikken, på kjøpesenteret, ved pakkediskar og eventuelt også utanfor butikklokalet dersom kundane må stå i kø.

·    Det må ikkje sleppast inn fleire enn det er plass til i lokalet, slik at alle klarer å halde minst 1 meters avstand til andre i lokalet. For kjøpesenter bør det utarbeidast ein strategi for heile senteret, inkluderte fellesareal.

·    Tilrettelegg gjerne for netthandel eller andre løysingar for utlevering av varer. 

·    Det kan vere fornuftig å ha utvida opningstider og tilbod over fleire dagar for å unngå at mange kundar blir samla samtidig.

·    Be kundar til å handle på tidspunkt då det ikkje er mange andre kundar i lokalet. 

·    Informer kundar om å halde seg heime ved sjukdom.

·    Legg til rette for god handhygiene i lokalet.

·    Ta omsyn til risikogrupper, for eksempel ved å ha tidspunkt der dei blir inviterte til å kome utan at andre kundar er til stades.

- Både kundar og handelsstanden må hugse på at det ikkje er tilstrekkeleg å bruke munnbind ved trengsel. Eit av dei viktigaste tiltaka mot smitte er å halde god avstand til andre. Bruk av munnbind veg ikkje opp for manglande avstand.

 

Førejulsarrangement på kjøpesenter og i butikkar

Arrangement som konsertar og liknande som samlar mange personar på eitt stad bør unngåast. Butikkar og kjøpesenter som planlegg førejulsarrangement, må forhalde seg til lokale og nasjonale avgjerder og råd for arrangement.