Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
Snøskuter

Snøskuter

Snøskuterløyve

Det er no tid for å søkje om snøskuterløyve.  Dei som har hatt løyve i perioden 2012 – 2015, må no søkje for 4 nye år. Dei gamle løyva vert gjeldande inntil nytt løyve vert gjeve, men ikkje lenger enn til 31. januar 2016. 

Kommunestyret må først vurdere dei kommunale retningslinene for motorferdsel i utmark før sakshandsaminga tek til. Truleg vert dette avklara i løpet av desember, men søknadar kan og bør sendast inn før dette. Søknadar vert då handsama fortløpande.   

Alle som skal søkje om snøskuterløyve må fylle ut søknadsskjema og leggje ved godt leseleg kart der køyrerute er teikna inn tydeleg i kartet. Ved at alle søkjarar sender oss godt leselege kart og søknadsskjema der alle nødvendige rubrikkar er fylde ut, vil de spare oss for ekstra arbeid og søknaden vil kunne ekspederast raskare.

Det er to ulike søknadsskjema. Eit skjema for motorferdsel innanfor Setesdal Vesthei – Ryfylkeheiane landskapsverneområde (SVR) og eit skjema for motorferdsel elles i kommunen. 

•    SVR-skjema
•    Søknad om motorferdsel i utmark, Bykle kommune 

Søknad om leigekøyringsløyve (ervervsløyve) må leverast seinast 8. januar 2016. Desse søknadane vert handsama politisk.

Søknadsskjema med kartvedlegg skal sendast inn til kommunen enten som brev eller elektronisk. Søknad for motorferdsel i SVR skal også sendast til kommunens postmottak. Søknaden sendast pr. post til Bykle rådhus, Sarvsvegen 14, 4754 Bykle eller som epost til postmottak@bykle.kommune.no 

 

 

Snøskuter

Meir informasjon

Tips ein ven Skriv ut
Publisert | Oppdatert 04. november 2015