Følgjande tiltak kan få tilskot:
- tilrettelegging for verdiskaping og rekruttering til jakt og fangst
- informasjon om jakt og jaktmoglegheiter
- kartlegging av viltressursane og viltet sine leveområde, samt viltinteresser i kommunar og regionar
- innarbeiding av viltet sine leveområde og viltinteresser i kommunale planar etter Plan- og bygningsloven
- oppretting og drift av lokale samarbeidsråd
- deltaking i rettigheitshavarane sitt driftsplanarbeid
- forvaltningsretta forsking og overvaking.
Søknadar om tilskot til tiltak som inngår som ein del av eit planmessig arbeid vil bli prioriterte.
Søknadar som gjeld nasjonale tiltak eller prosjekt skal bli sendt til Miljødirektoratet. Søknadar på regionalt nivå som gjeld jaktbare artar blir sendt til Agder fylkeskommune, og for dei ikkje-jaktbare artar blir sendt til Statsforvalteren i Agder (tidlegare fylkesmannen). Mindre tiltak innafor den enkelte kommune bør primært søkje frå det kommunale viltfondet i gjeldande kommune.
Søknadsfristen er 15. januar 2021, og søknad skal bli sendt via Miljødirektoratet sitt elektronisk søknadssenter.