Bykle kommune ønskjer å få tilbod frå drivarar til drift av Sommar-Hegni. Avtale perioden gjeld for eit år men moglegheiter for opsjon for vidare drift.
 
Bykle kommune kan tilby følgjande:
           
              Kajakkar, båtar, gratis leige av driftsbygget, trampolinar og diverse vassleikar.

Vi ser etter:
 
             Lokal drivar med ansvar for sommardrifta, frå juni til medio august. Perioden sin oppstart og avslutning kan diskuterast.


Det må fremjast ei skildring om driftsform og korleis drifta kan tenkjast gjennomførd med tanke på drift av aktivitetar og servering/kioskdrift. Det forventast stor grad av serviceinnstilling og tidlegare erfaring av slik type/eller liknande verksemd.
 
Det vil i utgangspunktet ikkje bli gjeve økonomisk støtte til drifta av sommardrift Hegni.
 
Spørsmål og søknad sendast til næringssjefen.

Svein.hjorth-olsen@bykle.kommune.no
 
Søknadsfrist: 1. april 2020.