Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Sosialtenester for innsette i fengsel

  • Generelt om tjenesten

    Tenesteomtale

    Innsette i fengsel kan søkje sosialtenesta i den kommunen dei haldt til i før innsetting, om  økonomisk sosialhjelp og andre tenester. Det er ein føresetnad at ein først undersøkjer om fengselsvesenet kan dekkje det behovet ein har. Pårørande kan få dekt reiseutgifter til fengselsbesøk dersom dei ikkje har pengar til å dekkje det sjølve. Når den innsette er sett fri, kan han/ho søkje tenester i den kommunen han/ho vel å bu i. Tenesta kan omfatte økonomisk rådgjeving og stønad til utgifter som

    • klede
    • briller og andre hjelpemiddel 
    • tannhelseteneste
    • kost og losji under permisjonar

    Ved lauslating kan sosialtenesta tilby

    • klede og sko
    • midlertidig husvære
    • hjelp til meir permanent etablering

    Kriterium/vilkår

    Tenestene blir tildelte etter ein individuell vurdering.

    Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende

    aaa
  • Lover og forskrifter

    Kommunen har plikt til å sørgje for denne tenesta. Sjå spesielt barnevernloven § 4-4 - hjelpetiltak for barn og barnefamilier og lov om sosiale tjenester i NAV §§ 17, 18 og 19.

    Lover

    Barnevernloven
    Forvaltningsloven
    Sosialtjenesteloven

    ___
  • Skjema

    Rettleiing - korleis få utført

    Du kan vende deg til den kommunen du budde i før arrestasjonen. Dersom du ikkje hadde opphald i Noreg da du blei arrestert, kan du vende deg til arrestasjonskommunen. 

  • Saksbehandling

    Saksbehandling

    Det vil bli gjort eit vedtak. I vedtaket går det fram om du har fått tildelt tenesta eller ikkje, og kva tenesta eventuelt omfattar.

    Saksbehandlingstid

    Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein meiner at vedtaket vil bli gjort.

    Klagemulighet

    Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du fekk det. Klagen sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klagen skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klagen blir send dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til endre det. 

  • Kontaktinformasjon

    Ansvarlig enhet

    Avdeling:NAV Bykle
    Telefon:55553333
    Postadresse:4754 Bykle
    Besøksadresse:NAV Bykle, Rådhuset, Sarvsvegen 10, 4754 Bykle
  • Andre opplysningar
    Oppdatert:
    2018-12-10 12:33