Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Spleiselag på vinterløyper!

Løypekjøring 2019.pngDet er om lag 180 km med skiløyper i Bykle kommune. Hovden Løypekøyring har eit budsjett på i overkant av 3 millionar kroner for oppkøyring og vedlikehald av traseane.  Bykle kommune tek hovudtyngda av kostnaden, men vi har og eit solid spleiselag med hytteeigarar og fastbuande. Løypebidraget har auka år for år og vi takker alle dykk som har bidrege.

Vi oppmodar dykk alle om støtte i form av eit frivillig løypebidrag. For sesongen 2018/19 ber vi om 700 kr. pr. eining/hytte/leilegheit/hus.  Bakgrunnen for auka løypebidrag er auka kostnader til oppkøyring av eksisterande og nye løyper. Bykle kommune aukar bidraget sitt med 200.000 kr. Betal til kontonr. 3000.37.70970, eller Vipps til 78203.

 

Tips ein ven Skriv ut
Publisert | Oppdatert 21. desember 2018