Status på smittesituasjonen pr. 14.01.22

Det er 3 familiar i isolasjon i Bykle per idag. Det er ukjend kor mange turistar som eventuelt sitter i isolasjon/karantene på hyttane.

Vi har ingen ukjende smitteveiar per idag og god kontroll.


 

Dersom du tester positivt på ein hurtigtest, må du ta kontakt med legekontoret for å få tatt ein PCR test som blir sendt til analyse.

Dersom du testar deg på ein raud dag og legekontoret er stengt må du ringe kommuneoverlegen på telefon 90205152. Kommuneoverlegen vil då gje deg informasjon om isolering, kva du må og ikkje må dei neste dagane. Straks etterpå vil du bli kontakta av ein frå smittesporingsteamet som treng informasjon om dine nærkontakter for smittesporing.

Så snart legekontoret opnar att må du ta PCR test.

Det er svært viktig at befolkninga held seg heime ved sjukdom og at alle har låg terskel for å ta test. Ta kontakt med legekontoret eller kommuneoverlegen dersom hjemmetest er positiv!

Kommuneoverlegen er tilgjengeleg på telefon og epost ved behov.

Helsing Benedicte Severinsen
Kommuneoverlege i Bykle - telefon: 902 05 152
Kommuneoverlege@Bykle.kommune.no

Bykle kommune følgjer nasjonale retningsliner og alle tilsette i skule og barnehage, samt elevar har fått medling om å teste seg før oppstart. Skular og barnehagar informerer foreldre om detaljar. 

Status på smittesituasjonen pr. 10.01.22

Oppdatering måndag kveld: I går og i dag har vi fått inn tre positive hurtigtester i Bykle som ikkje har sammanheng med kvarandre. Alle tre har smittevei utanfor kommunen. Vi venter på PCR svar, men vi forventar det er omikron i minst eit av tilfella.
 

Status på smittesituasjonen pr. 30.12.21

I dag er det meldt om fire nye positive tilfeller i Bykle. Dette er turistar. To av dei er bekrefta omikron. To er ikkje bekrefta type ennå. Alle er isolerte.

 

Status på smittesituasjonen pr. 28.12.21

Det har vore tre nye positive tilfelle fram til 28.12. som henger saman med utbrotet på Fjellgardane skule før Jol. Familiane har vore i karantene så dette var ikkje uventa.  

 

Status på smittesituasjonen pr. 27.12.21

Det er totalt 7 nye smitta i Bykle siden sist oppdatering 19.12.21. Dei smitta er sett i isolasjon og har fått råd og rettleiing av smittesporingsteamet. Førebels er det ingen som har påvist smitte med omikron.