Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
Hovden aust -verkstad folkemøte

Stemningsrapport frå planverkstaden! (22.08.2019)

Kommunedelplan Hovden aust

Planutvalsleiaren, Hans Blattmann, ønskja velkomen. Planleggjar Anne Liselvand og Bjørn-Einar Andersen orienterte om planprogram og teknisk infrastruktur.Plansjefen, Signe Sollien Haugå, svarte på spørsmål før ein introduserte tematiske gruppearbeid for dei frammøtte. Det var omlag 40 deltakarar og ein flott mix av hyttefolk og fastbuande. Planutvalet stilte som bordvertar og samla inn ønskje og idear som vart presentert i plenum til slutt. Vil du sjå kva som vart teke opp, - finn du notat frå møtet som vedlegg.  Presentasjonen om planprogram og prosess ligg og ved, samt nokre stemningsbilete (på facebooksida til kommunen). Alle, både dei som var på møte, og andre interesserte er og velkomne til å sende inn skriftlege innspel til arbeidet og merknader til planprogrammet mv. Mrk at innspelsfristen er 1.september 2019.

Meir informasjon

Tips ein ven Skriv ut
Publisert | Oppdatert 07. oktober 2019