Verksemdene Trollvegg Arkitektkontor og Prosjekthuset jobbar saman med Bykle kommune fram prosjektet som til slutt skal slå fast kva ein skal nytte friluftsområdet til. I Hovden grendehus tysdag skulle ein sjå kva status er så langt - i forkant av høyringsfristen som er 30. september. Frå næringslivet var det naturleg nok eit hovudspørsmål om kommunen skal byggje ut dette sjølv eller om lokalt næringsliv skal inviterast inn. Frå lokale elles kom det ulike innspel.

Parkeringsplassar

Om det no blir slik eller slik, ein ting var det semje om - området treng fleire parkeringsplassar. Frå lokal ungdom kom innspel om alt frå ein wakeboard-park til gratis fiske og båtar til utleige for ein billeg penge. Fleirbruk er på mange vis eit nøkkelord. Aktørar som prosjektet Viking & Villrein og Rekordfestivalen ynskjer ein fast scene på området.

I kommunestyret

Høyringsfristen no er altså 30. september. Så går prosessen vidare, og det blir truleg endå eit folkemøte om saka når ein endeleg plan skal leggjast ut for høyring. Målet er at kommunestyret får alt saman til endeleg handsaming i april eller mai neste år. For den som måtte ha spørsmål om prosessen er plankonsulent Anne Lislevand rett person. Henne når du på tlf 92268146.
 

Varsel om oppstart og planprogram for Hegni