Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
Nos - Eivind Ilje Tveit - med tekst oppsummering

Presentasjonar og referat frå oppstartseminaret

Opningseminar for strategisk næringsplan var 2.9. på Hovdestøylen. Gjennom dagen hadde vi eit innhaldsrikt program med interessante og gode gruppesamtalar. Arbeidet fekk ein god start og vi gleder oss til fortsetjinga.

Agenda for dagen

Referat frå dagen og presentasjonane ligg nedst.

 

Blåklokker[1]

Næringsdrivande vert invitert til seminarar om strategisk næringsutvikling

Bykle kommune skal for første gang lage ein strategisk næringsplan.

Vi vil lage ein plan som gjer kommunen meir attraktiv.

Arbeidet med planen er nå satt i gang, og kommunen ønsker innspel frå flest mogleg og engasjement frå deltakarane.

Datoane for seminarane i haust er satt og program for oppstartsseminaret publiserast i august.

  •  2.9. Hovdenstøylen – oppstartseminar, (kick-off)
  • 18.10. Bykle Hotell - midtveisseminar, (frå kl 9-13 med lunsj)
  • 18.11. Hovden Fjellstoge - avslutningsseminar, (frå kl 9-13 med lunsj)

Påmelding