Kommunestyret har 09.12.21 vedteke at "Manntalsregistrerte i Bykle pr 1.12.21 får straumtilskot på 3000 kr per innbyggjar "

For at Bykle kommune skal kunne betale ut kompensasjonen i høve til vedtaket til dei som er berettiga denne, er vi avhengig av å få litt informasjon om deg. Difor er det laga eit registreringsskjema der vi  får dei opplysningane vi treng for utbetaling.

Registreringsskjema

Om du treng hjelp til å fylle ut skjema kan du ringe kommunen på telefon 37 93 85 00. Det er òg mogleg å få hjelp av ein ven eller nabo med å fylle ut registreringa.

Dei som ikkje kan få registrera seg sjølv vil bli kontakta av kommunen slik at alle skal få tilskot.