Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Svangerskapsavbrot

Generelt om tjenesten

Alternativt navn

Abort

Tenesteomtale

Abortlova gjev deg rett til å krevje abort innan utgangen av den tolvte svangerskapsveka (84 dagar). Du kan sjølv søkje om abort. Du treng ikkje tilvising frå fastlegen, du kan ta direkte kontakt med eit sjukehus som har gynekologisk avdeling.

Når du kontaktar lege, helsestasjon eller sjukehus, må dei vite dato for første dag i siste menstruasjon. Du treng ikkje grunngje valet ditt, og du vel sjølv om du vil ta imot rettleiing eller råd.

Legen skal informere deg om korleis inngrepet blir gjennomført og om eventuelle komplikasjonar som kan oppstå.

Legen skal òg gje deg informasjon om den støtta samfunnet gjev dersom du ønskjer det.

Kriterium/vilkår

Du tek sjølv den endelege avgjerda, såframt inngrepet kan skje før utgangen av den tolvte svangerskapsveka og tungtvegande medisinske grunnar ikkje talar mot det.

aaa

Lover og retningslinjer

Abortloven § 2

Lover

Abortloven

Forskrifter

Abortforskriften

Forskrifter

Om reservasjon for leger i den kommunale helse- og omsorgstjenesten (rundskriv)

___

Saksbehandling

Legen skal vurdere kor langt du har kome i svangerskapet. Kan inngrepet bli utført før utgangen av den 12. svangerskapsveka, skal legen straks sende kravet om svangerskapsavbrot til det sjukehuset eller institusjonen der inngrepet skal utførast. Legen skal òg utføre nødvendige kliniske undersøkingar, setje opp eit skriftleg samandrag av kliniske funn og andre relevante og nødvendige medisinske opplysningar og sende samandraget til sjukehuset eller institusjonen saman med kravet ditt.

___

Kontaktinformasjon

Kontaktavdeling

Avdeling:Legekontoret i Bykle
Telefon:37938670
Epost:legekontor@bykle.kommune.no
Besøksadresse:Bykle helsesenter, 4754 Bykle

Andre opplysningar

Oppdatert:2018-12-10 12:33