Etter at det stolte flagget har kome på plass, med hjelp av speidarane, går det bilkortesje frå Bykle samfunnshus til Hovden. Til bilturen oppmodar 17. mai-komiteen alle om å pynte bilen! På Hovden skal flagget opp i sentrum. Også då er speidargruppa Bykle KFUM/KFUK i sving.

Buss til Hovden

Det er sett opp buss for dei som treng skyss frå Bykle til Hovden og heim att. Bussen går frå samfunnshuset i Bykle klokka 09.30, og returnerer til Bykle med start frå grendehuset på Hovden etter at kulturprogrammet er ferdig, om lag klokka 15.30. Folk som vil ha plass i bussen kan seie frå til grendehuset på tlf 902 16 856 innan klokka 16.00 den 16. mai.

Folketog ned frå Nos

Etter flaggheisinga blir det lina opp til folketog i Hovden sentrum, opp riksveg 9, inn skulevegen og ned til parkeringa ved grendehuset. Det er også tog i alpinbakken nasjonaldagen. Heisen går opp til Nos klokka 09.00, så blir det ein frisk tur ned traseen. Etterpå samlar folk seg ved grendehuset. Der blir det matsal og leikar, og eit spennande kulturprogram. Det skal også skipast til ein lagkonkurranse klokka 14.00 der ein oppmodar både folk og verksemder om å delta. Viss nokon kler seg ut set det bare ekstra farge på dagen!

Kulturpris

I Hovden grendehus spelar korpset opp, og det blir utdeling både av kommunen sin kulturpris og utviklingsstipend. Thomas Moen har tale for dagen, og det blir fleire musikalske innslag. Som slutten av markeringa blir det delt ut premiar etter leikane, og det er gudsteneste i Fjellgardane kyrkje klokka 16.00.