I formannskapsmøtet den 19. januar orienterte ordførar om brev frå tenesteleierane i Bykle kommune og brev frå næringslaget på Hovden. Breva er stila til ordførar og kommunedirektør, og omhandlar kritikk, skuldingar og varslingssakar som har versert i kommunen og i media. I etterkant av formannskapsmøtet har ordførar og kommunedirektør, kvar på si side, blitt kontakta av eit stort tal tilsette og innbyggarar. Mange er opprørte og mange lurar på kva kommunen gjer med saka. Vi vel difor å sende ut eit ope brev til alle tilsette og alle innbyggarar i kommunen, med informasjon om kva kommunen gjer.  

Aller fyrst: Ein kjem ikkje vekk frå at det over tid har det utvikla seg ein ukultur i det offentlege ordskiftet i Bykle kommune. Mange tilsette har opplevd urimeleg kritikk og skuldingar, og i nokre høve personangrep, for den jobben dei gjer for Bykle kommune og for innbyggarane. Kritikken, skuldingane og angrepa har kome gjennom politiske møter, media og bygdesnakk. Men vi har òg opplevd at offentlege sikringsventilar, som varsling og klage, vert nytta. Desse sikringsventilane er til for å handtere maktovergrep, mobbing, trakassering og alvorleg svikt og feil. Dei er viktige for verne individet mot urett, men må nyttast med varsemd. Eit varsel eller ein klaga kan vere ein tung og personleg krevjande prosess. Både for den som varslar eller klagar, og den varselet eller klaga vert retta mot. Det tunge, vert enda tyngre når media vert trekkje inn.

Den 13. januar vart det publisert ein artikkel på agderposten.no med overskrifta " Varsel mot kommuneoverlege: - Fikk beskjed om at mine helseopplysninger var delt". I artikkelen går eit kommunestyre- og formannskapsmedlem i kommunen ut, og skuldar kommuneoverlegen for brot på teieplikta. I formannskapsmøtet den 19. januar omtala ordføraren dette som «brutal atferd» frå medlemmet, og kalla inn gruppeleiarane frå dei politiske partia til drøfting av situasjonen. Saka vert vidare handsama i kommunestyret den 27. januar. 

Ordførar og kommunedirektør ønskjer å være tydelige på at situasjonen vi nå opplever i Bykle kommune er uhaldbar. Vi får tilbakemeldingar frå tilsette som opplever å vere utrygge i jobben sin og engstelege for å gjere feil. Vi får òg mengder av tilbakemeldingar frå innbyggarar som er opprørte over det som skjer, og som seier at dei ikkje kjenner att kommunen sin. Slik vil vi ikkje ha det i Bykle kommune. 

Difor vert det sett i gong ein prosess for å få bukt med ukulturen ein gong for alle. Denne prosessen kjem til å vere krevjande for mange, men det er ingen veg utanom. Kva for konsekvensar prosessen vil gjeve, veit vi ikkje. Men vi veit at han ikkje vert avslutta før dei tilsette er trygge i jobben sin, og vi er sikre på at dei ikkje vert råka av urimeleg kritikk, skuldingar og personangrep. Ordførar og kommunedirektør er ansvarlege for å handtere den krevjande situasjonen innanfor sine respektive ansvarsområder, og kjem til å take dei grepa som er naudsynte.

Bykle kommune har tradisjon for å vere ein god stad å jobbe og ein god stad å bu. Diverre har det ikkje vore slik for alle dei seinaste åra. No startar arbeidet med å finne tilbake til det Bykle som vi kan vere stolte av å vere ein del av. Vi ønskjer å oppmode alle tilsette, politikarar og innbyggarar til positive bidrag i dette arbeidet.
 

Med vennleg helsing

Jon Rolf Næss
ordførar

Karina Sloth Grindland             
kommunedirektør