Det er i dag onsdag 24.02 påvist smitte hjå ein hytteinnbyggjar i Valle. Vi vil på bakgrunn av dette minne om tilrådingane til hyttebyklarar og turistar ved mogleg smitte. 

Skal du dra eller bli heime?

Er du sjuk så skal du bli heime!

Venter du på testsvar?

Vent med å reise på hytta til du har fått svar på prøven.

Er du på hytta og får beskjed om at du er nærkontakt og må i karantene - reis heim.

Vi tilrår at du tek karantenetida heime. Du kan bli sjuk og trenge helsehjelp. Kanskje du også skal teste deg på nytt.

Kan du gjennomføre isolasjon på hytta?

Nei, vi tilrår at du er heime. Du kan trenge helsehjelp. Vi ynskjer ikkje å belaste helsetenesta i hytteområder unødvendig.

Reis heim frå hytta om du blir sjuk!