Kor vaksinerer vi?
- Vaksinering skjer på Hovden helsehus, i andre etasje
- Legekontoret på Hovden, tlf.37 93 86 80 , er kontakt for vaksinasjon og spørsmål
- Drop-in Covidvaksine 01.desember og 8. desember kl. 09.00-14.00
Kvifor vaksinerer vi?
Ved vaksinering gir vi kroppen noko å trene seg på som liknar sjukdomsviruset, men som ikkje kan gje sjukdomen. Immunforsvaret blir stimulert slik at kroppen lærer seg å kjenne att og kjempe mot viruset. Vaksina forsvinn raskt ut av kroppen. Kroppen har då lært å forsvare seg, dersom den blir utsett for smitte seinare. Slik kan vi enkelt og effektivt beskytte oss mot nokre av dei farlege smittsame sjukdomane, utan at vi må utsettjast for risikoen ved å ha sjukdomen.
I tillegg kan vaksinasjon bidra til å begrense smitta i samfunnet.
Kven vaksinerer vi?
Alle som er 16 år eller eldre (5 -15 år om dei og føresette ynskjer det) vert anbefalt å ta vaksine mot covid-19 (såkalla grunnvaksine - 2 doser med 8-12 vekers mellomrom).
Vaksinasjon er frivillig og gratis.
Om du fortsatt ikkje har tatt grunnvaksine, er du hjarteleg velkomen til å få dette hos oss - berre ta kontakt.
Alle som er grunnvaksinera får tilbod om oppfriskingsdoser mot covid-19. Eldre over 64 år og bebuarar på sjukeheim har allereie fått dette tilbodet, og frå september anbefaler regjeringa også oppfriskingsdose til:
- personer i aldersgruppa 18-64 år med underliggjande risiko for alvorleg sjukdomsforlaup
- ungdom i aldersgruppa 12-17 år med alvorleg grunnsjukdom
- alle personer i alderen 18 til 64 år tibys oppfriskningsdose frå november viss dei ynskjer det.
Om dette gjeld deg kan du sjekke i lista nederst i denne artikkelen.
Gravide i 2. og 3. trimester tilbys også oppfriskingsdose uavhengig av om dei kun er grunnvaksinerte frå før, eller allereie har motteke ei oppfriskingsdose.
Helsepersonell oppfordras og til å ta oppfriskingsdose ettersom dei både har høgare risiko for å bli smitta pga. pasient/brukerkontakt og risikerar å smitte andre, sårbare pasienter/brukere dersom dei vert smitta.
Korleis vaksinerer vi?
Vi nyttar den oppdaterte vaksina (som er betre mot omikronvarianten) når vi gir oppfriskningsdosene. Dersom du spesifikt ynskjer dei opprinnelege dosene som oppfriskingsdose (ikkje dei oppdaterte) har du høve til å melde frå om dette på vaksinestaden.
Det bør vere minimum 3 veker mellom gjennomgått koronasjukdom (du har blitt heilt frisk) og ny oppfriskingsdose, men eit lengre intervall vil oftast gje ein betre immunrespons. Oppfriskingsdose kan tilbys tidlegast 4 månader etter siste vaksinedose.
Ikkje møt opp til vaksinasjon og gi beskjed så raskt som mogleg dersom du på vaksinasjonsdagen har forkjølelsessymptomer eller feber over 38 °C.
Kven blir anbefalt oppfriskingsdose no?
Personar i aldersgruppa 18-64 år med følgjande sjukdomar/ helsetilstandar kan ha ein auka risiko for alvorleg covid-19-sjukdom:
- Organtransplanterte
- Alvorleg og moderat immunsvikt
- Immundempande legemiddelbehandling som ved autoimmune sjukdomar
- Hematologisk kreftsjukdom siste fem år
- Anna aktiv kreftsjukdom, pågåande eller nyleg avslutta behandling mot kreft (spesielt immundempande behandling, strålebehandling mot lungane eller cellegift).
- Alvorlege nevrologiske sjukdomar eller muskelsjukdomar som medfører nedsett hostekraft eller lungefunksjon (til dømes ALS og cerebral parese)
- Downs syndrom
- Kronisk nyresjukdom og nyresvikt
- Kronisk leversjukdom eller betydeleg nedsett leverfunksjon
- Demens
- Kronisk lungesjukdom, inkludert alvorleg astma som har medført bruk av høydose-inhalasjonssteroider eller steroidtabletter siste året
- Fedme med kroppsmasseindeks (KMI) på 35 kg/m2 eller høgare
- Kroniske hjerte- og karsjukdomar (med unntak av høgt blodtrykk)
- Hjerneslag
- Diabetes, og då særlig pasienter med langvarig eller dårleg kontrollert sjukdom eller diabetessenkomplikasjoner
Ungdom i aldersgruppen 12-17 år med alvorleg grunnsjukdom vurderast å ha ein auka risiko for alvorleg sjukdomsforlaup av covid-19
- Organtransplantasjon (til dømes hjarte, nyre, lever osv.).
- Immunsvikt (til dømes medfødt immunsvikt eller bruk av medikamenter som gir betydeleg systematisk immunsuppresjon)
- Hematologisk kreftsjukdom (til dømes leukemi, lymfom) siste fem år
- Anna aktiv kreftsjukdom, pågåande eller nyleg avslutta (innan siste seks månader) behandling mot kreft - spesielt immundempande behandling, strålebehandling mot lungane eller cellegift
- Nevrologiske sjukdomar eller muskelsjukdomar som medførar nedsett hostekraft eller nedsett lungefunksjon
- Kronisk nyresjukdom med betydeleg nedsett nyrefunksjon
- Alvorleg hjartesjukdom (barn med hjartesvikt, alvorleg pulmonal hypertensjon, cyanose, ettkammer-sjukdom/«Fontan-barn»)
- Alvorleg lungesjukdom (til dømes cystisk fibrose, svært alvorleg astma med forverringar som har behøvd akutt sjukehusinnlegging siste året)
- Anna svært alvorleg sjukdom. Vaksinasjon i slike tilfelle vurderast individuelt av barnelege