I kommunestyremøtet 28. februar vart Karina Sloth Grindland samrøysta innstilt til stillinga som administrasjonssjef  i Bykle kommune, og har no takka ja til stillinga. Karina er utdanna siviløkonom og er i dag tenesteleiar for helsetenesta i Bykle og Valle. Ho startar opp som administrasjonssjef så snart det er mogleg. Inntil vidare er Signe Sollien Haugå fungerande administrasjonssjef.