Kulturmidlar

Alle lag og organisasjonar som driv med kulturaktivitetar, kan søkje Bykle kommune om kulturmidlar. Retningsliner for kulturmidlar. Søknadsskjema på kommunen si heimeside. Frist 1. april.

 

LIM-midlar (Likestilling, inkludering og mangfald.)

Lag og organisasjonar som har eller planlegg aktivitetar og/eller arrangement som vil ha positiv verknad for likestilling, inkludering og mangfald i kommunen, kan søkje om midlar til dette. Frist 1. april.

 

Kulturprisen

Har du nokon gong tenkt at han, ho eller dei burde få Bykle kommune sin kulturpris? Enkeltpersonar og lag kan kome med framlegg og kandidatane kan vere enkeltpersonar og lag. Frist 1. april.

 

Bykle kommune sitt utviklingsstipend

Bykle kommune v/formannskapet kan kvart år dele ut utviklingsstipend til utøvarar i alderen 16 – 21 år på høgt regionalt/nasjonalt nivå innan kulturområde som musikk, dans, idrett, skrivekunst, biletkunst og liknande. Frist 1. mars.