Bykle kommune har i dag fått melding om to påvist smitta av korona. Båe er no i isolasjon. Smittesporinga blir gjort i samarbeid med Kristiansand kommune – som er heimkommunen til desse. Nærkontaktar er i hovudsak kartlagt i løpet av dagen. Vi ber likevel alle fastbuande og gjester på Hovden om å vere årvakne i høve ev. symptom, og heller ta ein koronatest for mykje enn for lite.