No er vi i gong med etterspurte trafikksikringstitak i Hovden sentrum. Tiltaka blir gjennomført i samarbeid mellom Statens vegvesen (SVV) og Bykle kommune.

Det blir bygd ny gang- og sykkelveg frå avkjørsla til Coop vidare opp til krysset inn til Skisentervegen. Denne GS-vegen blir fletta i hop med nytt opphøgd fortau inn på Skisentervegen bort til Otravegen. (Steingjerde inn mot torvet langs RV9 må flutt for å få plass til nytt fortau). Fortauet på nordsida av Skisentervegen blir forlenga vestover slik at krysset inn til parkeringsplassen blir oversiktleg for både bilistar og mjuke trafikantar. Prosjektet som er begynt på no i haust blir ferdig i november.

I 2021 vil SVV halde fram med med etablering av ny GS-veg langs RV9 frå KIWI og ned til Stussli-krysset.

Vi gler oss over arbeida som vil auke tryggleiken for mjuke trafikantar.