Midt-Agder Friluftsråd har starta opp med TellTur i heile regionen. TellTur er friluftsråda sitt system for turregistrering. Via appen «Norgeskart Friluftsliv» kan ein «sjekke inn» på bestemte turmål, og få registrert poeng. 
 
I Bykle er det førebels lagt ut 6 turmål, men du kan også gå turar i andre kommunar dersom du vil. I heile regionen er det lagt ut over 230 turmål. Du kan registrere turar heilt fram til årsskifte. Alle som oppnår 200 poeng eller meir, er med i trekninga av flotte premiar. Friluftsrådet trekkjer også ein tilfeldig vinn i slutten av kvar månad. Du må ha registrert minst ein tur for å vere med i denne trekninga. Vinnaren blir offentleggjord på Midt-Agder Friluftsråd sine nettsidar og Facebookside.
 
Kom i gong med TellTur:
1. Registrer deg fyrst som bruker på www.TellTur.no
2. Last ned gratis appen «Norgeskart friluftsliv»
3. Opne venstre sidepanel på appen og klikk på «TellTur»
4. Logg inn med brukarnamn og passord
 
For å samle poeng veljar du sjølv om du vil gå den same turen mange gangar, eller om du vil gå til forskjellige turmål. Vær oppmerksam på at på at det ikkje er fysiske kodar eller skilt på stadene. Når du er innanfor 50 meter av målet vil du kunne sjekke inn på turmålet gjennom appen.
 
For meir informasjon sjå nettsida www.midt-agderfriluft.no/tur-aktivitet/telltur