Hovden er eit heilårleg reisemål og den største skidestinasjonen på Sørlandet. Bykle er administrasjonssenter, men har også eit turisttilbod. Her er pulsen lågare enn på Hovden, som har eit godt utbygd reiselivstilbod og infrastruktur. Både vinter og sommar er aktivitetstilbodet stort.

Reiselivsnæringa har eit betydeleg tyngdepunkt på Hovden og er den viktigaste vekstnæringa i kommunen. Både med omsyn til økonomi og ikkje minst sysselsetting, har reiselivsnæringa stor verdi også for verksemder ut over det som blir karakterisert som reine reiselivsbedrifter.

Destinasjon Hovden har ansvar for drift av turistkontor og ivaretek vertskapsfunksjonen for Bykle kommune. I tillegg sel dei reiselivsrelaterte tenester.

På Turistkontoret på Hovden kan du få hjelp til det meste. På nettsida finnes info om aktiviteta, arrangement, vær- og føremelding og mykje meir.