Det er gratis for alle som vil innom grendehuset og få med seg litt eller alt av kulturfesten. I alt ventar det 23 innslag på scenen med born og unge frå dei to kommunane.
Brassband
Som alltid med UKM vartar deltakarane opp med variert og flott underhaldning. I år kan ein vente seg alt frå band og brassband til dans og folkemusikk. Tema i år er "Framtida", og laurdag blir grendehuset forvandla til ein futuristisk fest!
14 utstillarar
I fojaeen i grendehuset stiller 14 unge kunstnarar med sine verk i utstilling.
- Utstillinga blir ståande i ein heil månad, slik at dei som ikkje kan få med seg UKM laurdag likevel skal få sjå alt det flotte arbeidet, seier fagleiar ungdom og kultur i Bykle kommune, Ida Olsen-Sund.