Bykle kommunes ungdomsklubb «SUMMIT»
Etter påska kan 4. trinn vere med på juniorklubben som eit tiltak for ein fin overgang til mellomtrinnet.
Klubben er på Hovden og Bykle annan kvar veke. Sjekk Facebook-sida «Ungdomsarbeid i Bykle og på Hovden» for informasjon om kva datoar det er klubb i Bykle og på Hovden. For informasjon og påmelding til klubb og arrangement last ned appen Spond (gruppekode IFZBR).
For ungdom på ungdomsskolen og VGS (8. - 12. trinn).
Etter påskeferien kan dei som går i 7. trinn vere med på ungdomsklubben som eit tiltak for ein fin overgang til ungdomsskulen.
Klubben er på Hovden. Sjekk Facebook-sida «Ungdomsarbeid i Bykle og på Hovden» for informasjon om kva datoar det er klubb i Bykle og på Hovden. For informasjon og påmelding til klubb og arrangement last ned appen Spond (gruppekode IFZBR).Turistar og hyttebyklarar er velkomne til å vere med på ungdomsklubben.
Klubb CREW 8. / VGS:
Det er ungdomen sjølv som veit kva dei ønskjer, og derfor har vi på klubben oppretta eit CREW som består av ungdomar som ønskjer å engasjere seg. Desse fungerer som ambassadørar for klubben og er med på planlegging og gjennomføring av arrangement i regi av klubba. Dei som har lyst får arbeidsoppgåver på arrangement.
Det har vore svært vellukka på tidlegare arrangement og alle er velkomne til å vere med.
Reglar som gjeld på klubben
- Nulltoleranse for rus, mobbing, vald og kriminalitet.
- Alle skal vise kvarandre respekt uansett etnisitet, politiske haldningar, kjønn og religion.
Brot på reglane vil få konsekvensar. Dette vil variere ved alvorsgrad.
- Mobbing og utestenging vil ein ta der og då i dialog med involverte. Foreldre vil bli informerte.
- Ved brot på reglane i forbindelse med rus, vald og kriminalitet vil foreldre bli kontakta. Politiet om det er alvorleg. Ein mogeleg konsekvens av regelbrudd er at ein ikkje kan være med på klubb i ein gitt periode. Det vil bli skreve avvik.
Bandrom: Det er bandlokaler i kjellaren på Hovden grendehus og bandbinge i Bykle, som kan nyttast til eiga øving. Avtale for bruk av bandrom.
UKM! (Ung kultur møtes) Bykle og Valle
Fagleiar ungdom og kultur er kommunekontakt i UKM-samarbeidet i Aust-Agder og arrangør av lokalmønstringa. UKM er Noregs største nasjonale satsing på ungdomskultur. All ungdom mellom 10 og 20 år kan deltake på UKM. Ein melder seg sjølv her.
For oss i Bykle er UKM ein kulturarena for barn og unge som eininga kultur og fritid i Bykle har fokus på gjennom heile året. Workshops i ulike kulturelle uttrykk, musikkundervisninga i kulturskulen og formgivinga i skulane jobbar alle målretta mot UKM. Aldersgrensa for å vere med er frå 4. trinn. Altså det året barnet fyller 10 år. Ynskjer ein ikkje å vere med på dans, kunst el. bidra med andre kulturuttrykk anbefaler vi å delta som ein av dei unge arrangørane. Dette er ein viktig og spennande jobb.
Ung Arrangør:
Kva er ung arrangør? Er du mellom 13 og 20 år kan du vere med som Ung Arrangør. Då er du med på å planlegge og gjennomføre årets UKM festival! Her kan ein vere med som konferansier, jobbe med lyd og lys, jobbe bak scenen, media m.m.
Her er moglegheitene mange, lærar mykje nyttig og ikkje minst kan ein oppleve å dra på ung arrangør kurs til Kristiansand og bli kjend med andre ungdommar som har same interesse.
Bykle ungdomsråd er ei gruppe ungdommar som representerar ungdom der dei bur, det vil sei i kommunen eller fylkeskommunen. Ungdomsrådet skal få uttrykke si meining om alt som angår dei. Kva er eit ungdområd . Om ungdomsråd i Bykle.
Barn og unge sin representant i plansaker skal syte for at det blir tatt omsyn til barn og unge i høve til deira behov, i kommunen, etter Plan- og bygningsloven og Rikspolitiske retningslinjer (RPR BU) for å styrke barn og unge sine interesser i plansaker.