Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
Setesdal

Setesdal

Utøving av folkemusikk og folkedans i Setesdal

Nominasjonsfil til UNESCO  -

Ei orientering om prosessen.  

UNESCO er FNs organisasjon for utdanning, vitskap og kultur. UNESCO har som mål å bidra til fred og tryggleik ved å arbeide for internasjonalt samarbeid gjennom utdanning, vitskap og kultur.  UNESCO kom i 2003 med sin konvensjon om vern av den immaterielle kulturarven, og den blei ratifisert av Noreg i 2007.

Målet er å sikre vern og respekt for eineståande kulturuttrykk av ikkje-materiell art.

Konvensjonen omfattar blant anna desse uttrykka:
– Munnlege tradisjonar. Personnamn, stadnamn, dialektar, eventyr og segn.
– Utøvande kunst. Musikk, song, dans og teater.
– Sosiale skikkar, ritual og høgtider.
– Kunnskap og praksis som gjeld naturen og universet.
– Tradisjonelt handverk.

Det er tre listetypar i konvensjonen:
– Representative list
– Urgent safeguarding list (raudliste)
– Best practice

Setesdal spelemannslag har sidan 2012 arbeidd med nominasjon til Representativ list. Vi har sendt inn nominasjonsfil i 2014, i 2015 og 2016.

I 2016 blei nominasjonsfila vår sendt vidare frå Norsk kulturråd til kulturdepartementet, men diverre blei denne sendt attende på grunn
av at staten ikkje har oppretta ein portal for registrering av immaterielle kulturminner, noko som er eit vilkår frå UNESCO for i det heile å bli
tatt opp til vurdering på UNESCO sine lister. Vi vonar at denne portalen no vert oppretta, slik at vi kan sende inn ny nominasjonsfil i 2017.

 

 

 

Kontaktinformasjon

Dokumentet som er vedlagt syner det arbeidet som er gjort fram til no

Setesdal spelemannslag
Kontaktinformasjon:
Gunnar Stubseid, telf. 92861287
Kari Margrete Okstad, telf. 92405951
Astri Rysstad, telf. 91575925

Setesdal

Meir informasjon

Tips ein ven Skriv ut
Publisert | Oppdatert 02. januar 2017