Sigrid Bjørgum sitt bilete viser utan tvil ein del av det puslespelet byklarar og tilreisande er så glade i. Noreg er eit vakkert land - og naturen her i dalen er vel noko av indrefileten! Eit dalføre prega av fjell og fjord, skog og hei - og øvst i dalen altså eit spekter av rein, frisk natur. Kan det bare vere att i alle fall litt sommarvarme i år, så blir det perfekt! Vermeldingane i alle fall for veka me tar til på i dag gjev lovnad om stigande temperatur.