Alle innbyggjarane i kommunen som er fødd frå 2005 og seinare år skal ha fått tilbod om første vaksina. Dersom du ikkje har blitt kalla inn, ber vi om at du kontaktar kommunelegen på e-post: benedicte.severinsen@bykle.kommune.no

Gjennom sommaren har det vore felles vaksinasjon på Bykle samfunnshus. Utover hausten blir vaksinasjonen flytta tilbake til dei to kommunane. Det blir no vurdert av myndigheitene om alle over 12 år skal få tilbod om vaksina.

Vaksina er gratis. Vaksne skal få tilbod om andre dose minimum 3 veker etter første dose og ungdom 8-12 veker etter første dose. Ein vil få innkalling til dose nummer to.

Vaksinasjonen føregår på Bykle samfunnshus. Dette gjeld både for dei som skal få andregongsvaksine og førstegongsvaksine. Innkallinga kjem ca ei veke før på SMS. Det er svært viktig at du kontaktar legekontoret dersom du ikkje kan møte på oppsett tidspunkt eller at du ikkje ønskjer vaksine.
 

Ikkje møt opp og gje oss raskt beskjed dersom du:

• På vaksinasjonsdagen har symptom på forkjølelese eller feber over 38 °C

• Venter på testsvar, er i karantene eller isolasjon grunna koronasjukdom

• Har gjennomgått koronasjukdom for mindre enn 3 månader sidan

• Har vorte vaksinert med annan vaksine i løpet av siste 7 dagar

• Er gravid utan å tilhøyra risikogruppe for alvorleg koronasjukdom

Møt på angitt tidspunkt, ikkje tidlegare. Ta med munnbind. Parker på tilvist plass og følg pilene gjennom samfunnshuset. Sprit hendene godt og følg alle instruksjonar.


Det er viktig at du går gjennom følgjande spørsmål på førehand og at du ringer legekontoret dersom nokon av punkta gjeld for deg:

 • Har du hatt allergisk reaksjon på denne vaksinen eller innhaldsstoffa tidlegare?

• Har du tidlegare hatt alvorleg (livstruande) allergisk reaksjon på andre vaksinar, mat, medisinar eller anna?

• Har du på grunn av astma i løpet av det siste året fått minst 2 kortisonkurer eller vore innlagt i sjukehus?

• Har du mastcellesykdom?

• Har du auka blødningstendens?

• Har du kraftig redusert immunforsvar?

 
Spørsmål om vaksinasjon kan rettast til kommuneoverlegen på: benedicte.severinsen@bykle.kommune.no

Denne sida vert oppdatert kvar veke (sist 26.08.21).
 

Det nasjonale vaksinasjonsprogrammet
Informasjon om koronavaksinasjonen
Framtida med vaksine