Bykle kommune er godt i gang med å vaksinera befolkninga.

Alle over 75 er tilbode vaksine og ein er no i gang med å vaksinerere befolkninga som er mellom 65-74 år. I tillegg blir pasientar mellom 18-65 år som er i høg risiko tilbode vaksine no. Alle blir kontakta direkte av helsepersonell med tilbod om vaksinetidspunkt!

For din tryggleik: det er alltid ein tilsett frå din bostedskommune som ringer deg når det er din tur å få vaksine. Du kjem blant anna til å verta spurt om du ynskjer å ha vaksine, og du kjem òg til å få informasjon om når du kan rekne med å verta innkalla til vaksineringa. Sjølve innkallinga skjer via telefonsamtale, men kan òg skje via SMS om dette er avtalt med deg på førehand.

Kommunen nytter aldri internettet til å kalle deg inn, korkje Twitter, Facebook eller andre sosiale media. Helsedirektoratet, Folkehelseinstituttet, private aktørar og andre kjem aldri til å ta tilby deg vaksinasjon på kommunen sine vegner.

Forløpig blir det vaksinert berre med Pfizer/Biontech vaksinen i Bykle og vi får auka mengde vaksineglas over dei neste vekene.  Vi håper at alle vaksne i kommunen er vaksinert i løpet av sommaren 2021. Vaksinen er gratis.

Vi oppfordrar alle som har fastlege ein annan stad enn i Bykle kommune og har høg eller moderat risiko - om å kontakta fastlegen sin og sikra at denne viderebringer beskjed om risiko til kommuneoverlegen i Bykle.

Spørsmål om vaksinasjon kan rettast til kommuneoverlegen på: benedicte.severinsen@bykle.kommune.no

Denne sida blir oppdatert vekentleg (sist 16.04.21).
 

Det nasjonale vaksinasjonsprogrammet