Manntalet

Manntalet gir oversikt over dei som er folkeregistrert (pr 01.07) og røysteføre i Bykle. Manntalet vert lagt ut til offentleg ettersyn frå og med 16. juli og fram til valdagen måndag 13. september på desse stadene:

  • Coop Prix Bykle
  • Extra Hovden
  • Bykle rådhus
  • Hovden grendehus

Eventuelle krav om retting sendast til Valstyret:
Bykle valstyre, Sarvsvegen 14, 4754 Bykle, eller epost: postmottak@bykle.kommune.no
 

Førehandsrøysting og tidlegrøysting

I omsyn til covid-19 pandemien oppmodar valstyret til førehandsrøysting

I perioden 10. august til 10.september er det førehandsrøysting på:

Bykle rådhus:
Kvardagar kl. 09:00 – 14:00

Torsdagar kl. 09:00 – 18:30

Laurdag 14/8 & 28/8 kl 15:00 – 18:00

Onsdag 8/9 kl 09:00 – 18:30

Hovden grendehus:

Laurdag 21/8 & 4/9 frå kl 15:00 -18:00

Førehandsrøysting på Bykle alders og sjukeheim vert onsdag 25/8

Ambulerande røysting:

Veljarar som grunna sjukdom, uførleik eller isolasjonsplikt ikkje kan røyste i vallokale på førehand eller på valtinget, kan søkje om ambulerande røysting heime. Søknadsfrist er fredag 10/9 kl 10:00.

Tidlegrøysting er mogleg frå 1.7 - 9.8, før den ordinære førehandsrøysteperioden. Ta kontakt med kommunen for å avtale tidlegrøysting på epost: postmottak@bykle.kommune.no eller telefon 37 93 85 00.

Valdagen (valting)

På valdagen 13.09 kan man røyste på Hovden grendehus og Bykle rådhus frå kl 08:00 - 18:00


Særskild for dette valet er at røysteføre som er manntallsført i kommunen og er i isolasjon grunna covid-19, kan søke om å røyste der dei oppheld seg òg på valting. Det same gjeld dei som er i karantene og ikkje kan røyste på vanleg måte. Frist for å søke om dette er valdagen, måndag kl 10:00. Det kan hentast valtingsrøyster båe laurdag, søndag og måndag - så søk gjerne tidleg om du er satt i karantene eller isolasjon før helga.

Sámedikkeválggat / Sametingsvalet

Det er mogleg å tidlegrøyste og førehandsrøyste til sametingsvalet. Det vil ikkje vere valting for sametinget i Bykle fordi det ikkje er nok røysteføre i manntallet (under 30).