Med heimel i plan- og bygningslova (PBL) §§ 12-1,12-3 og 12-8 blir det varsla at Sweco Noreg AS på vegne av Repstad Eiendom AS startar opp arbeidd med detaljregulering for Nylund Park III

Planområdet og plassering er synt på vedlagde oversiktskart og varslingskart som syner planområdet si plassering og avgrensing. Planområdet utgjer ca. 200 daa. Planområdet tek for seg eigedomen gnr./bnr. 3/280 og delar av 3/13 og 3/370, . Planområdet grenser mot gjeldande plan for Nylund Park II i sør, ferdig utbygd del av Nylund Park I i vest, Geiskelidåne i nord og LNF-område på gnr./bnr. 3/13 i aust.

Formålet med detaljreguleringsplanen er å leggje til rette for etablering av nye fritidsbustader. Det blir planlagt lagt til rette for ca. 50-70 hyttetomter. Bygningane vil stort sett vere frittliggjande, med somme konsentrerte einingar der forholda tillèt det.

Planarbeidet er i tråd med overordna plan og blir derfor vurdert til ikkje å vere konsekvensutgreiingspliktig i jf. § 8 i forskrift om konsekvensutgreiing.

Samtidig med varsling om oppstart av planarbeid, blir det varsla oppstart av forhandlingar til utbyggingsavtale i samsvar med PBL §17.

Eventuelle spørsmål til planarbeidet kan rettast til Sweco v/ Alexander Stettin tlf. 41690212 eller som e-post til alexander.stettin@sweco.no <mailto:alexander.stettin@sweco.no>.

Innspel til planarbeidet sender dykk fortrinnsvis på mail til alexander.stettin@sweco.no <mailto:alexander.stettin@sweco.no> eller pr. brev til Sweco Norge AS v/ Alexander Stettin, Vekanvegen 10, 3840 Seljord. med kopi til postmottak@bykle.kommune.no <mailto:postmottak@bykle.kommune.no>,  alternativt til Bykle kommune, Sarvsvegen 14, 4754 Bykle.

 

Frist for innspel: 09. oktober 2019