I medhald av plan- og bygningsloven § 12 – 8 blir det varsla oppstart av planarbeid for detaljregulering Tykkås næringsområde, med planID 202007, gnr./bnr. 3/6,214,219. Tiltakshavar er Bykle kommune. Delar av planområdet blir i dag brukt til gjenvinningsstasjon. Dette skal vidareførast.

Føremålet med planarbeidet er å leggje til rette for nye næringsareal i kommunen, då det er trong for meir areal knytt til dette. Planområdet er på om lag 126 daa. Planarbeidet er i tråd med overordna plan, der arealet er sett av til framtidig næring, samt annan type busetnad og anlegg (gjenvinningsanlegg). På bakgrunn av at planarbeidet er i tråd med overordna plan og at området har vore utreda på overordna plannivå,  er det vurdert at planarbeidet soleis ikkje vil utløyse krav om konsekvensutgreiing. Planen vil delvis erstatte reguleringsplan for Midtregionen, med planID 200601.

Merknader til varsel om oppstart kan sendast til Bykle kommune, innan 30.11.2020. Adresse: Sarvsvegen 14, 4754 Bykle. E-post: postmottak@bykle.kommune.no