Planutvalet i Bykle kommune vedtok oppstart av arbeidet med ny kommunedelplan for trafikksikring i møtet 12.10.2020, sak nummer 180/20. Utkast til planprogram er lagt på kommunen si heimeside til høyring og offentleg ettersyn i medhald av plan- og bygningslovens §§ 11-12 og 11-13.

Formålet med planarbeidet er å utarbeide ein plan som skal vere med på å ivareta trafikksikring og trafikksikringstiltak i kommunen sin planlegging og utvikling. Planen vil gi føringar for kva trafikksikringstiltak som kan utførast, både fysiske og ikkje fysiske tiltak.

Krav om medverknad er forankra i plan- og bygningslova kapittel 5. Det blir lagt opp til medverknad tidleg i planprosessen, både i arbeidet med sjølve planen og i arbeidet fram mot ferdig vedtatt plan. 

Kommunen ynskjer å få innspel når det gjeld alle forhald som innbyggjarar, organisasjonar, næringslivet mv. er opptekne av i forbindelse med trafikksikkerheit. Dette kan vere både fartsgrenser/skilting, trafikkfarlege punkt/strekningar, behov for fortau og gang-/sykkelvegar, fysiske tiltak for å redusere hastigheit, siktbetrande tiltak, vegomlegging, vegutviding, belysning, busslommer, fotgjengarkryssingar, skuleskyssordning, opplæring/haldningsarbeid mv.

Frist for å komme med innspel eller merknadar til planprogram: 13. desember 2020
Frist for å komme med innspel til planarbeidet: 30. november 2020

Innspel merkast «Trafikksikringsplan» og sendast til postmottak Bykle kommune, anten som e-post eller brev.

Bykle kommune
Sarvsvegen 14, 4754 Bykle
E-post: postmottak@bykle.kommune.no